Skip to content
ClaudeChatGPTCursor

Search jobs inside your AI agent.

Connect

HELSE VEST IKT AS AVD BERGEN

Fagspesialist identitets- og tilgangsstyring

Posted 2 views
Discussion
Helse Vest IKT leverer IKT-tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Identitet er grunnmuren i alt vi leverer. Løysingane blir nytta av helsepersonell døgnet rundt og er kritiske for sjukehusa.

Active Directory er framleis kjernen i identitetsplattforma vår, og ho skal vere solid, sikker og godt forvalta. Samstundes er identitetsområdet i rask utvikling. Vi beveger oss mot skyidentitet og moderne protokollar som OAuth 2.0, OpenID Connect og SAML. Vi søkjer derfor ein erfaren AD-spesialist som ønskjer å vidareutvikle identitetsplattformene i Helse Vest.

Du får ei viktig rolle i fagmiljøet. Saman med resten av teamet vil du vere med på å sikre og vidareutvikle AD-plattforma, og vere ein pådrivar i overgangen til moderne identitetsløysingar. Vi arbeider aktivt for at pålogging til tenester skal vere brukervennleg, sikker og rask.

Arbeidsstad er Førde, Bergen, Haugesund eller Stavanger.
Arbeidsoppgåver

Active Directory

  • Forvalting, sikring og vidareutvikling av eit stort og komplekst AD-miljø
  • Sikkerheitsherding, privilegerte kontoar, delegering, Kerberos og gruppepolicyar
  • Feilsøking og problemløysing på tredjelinjenivå

Modernisering og veien videre

  • Vere med på å utvikle og modernisere strategien innan identitetsområdet
  • Vere ein pådrivar for å flytte applikasjonar og integrasjonar frå eldre autentisering (Kerberos/NTLM/LDAP) til OAuth 2.0, OIDC og SAML der det er formålstenleg
  • Gje faglege råd om identitet og autentisering i nye løysingar og ved anskaffingar

Beredskap og gjenoppretting

  • Utarbeide, vedlikehalde og teste planar for gjenoppretting av AD (forest recovery) og tilhøyrande identitetstenester
  • Bidra til robuste tryggingskopi- og gjenopprettingsløysingar for identitetsplattforma, inkludert isolerte og uforanderlege kopiar
  • Delta i beredskapsøvingar og handtering av hendingar, mellom anna ved sikkerheitshendingar som rammar identitetsinfrastrukturen

Rådgivning og samarbeid

  • Vere fagleg rådgivar for eigne fagmiljø, helseføretak og leverandørar
  • Bidra til etterleving av Normen, NIS2 og interne tryggleikskrav
  • Dokumentere og dele kunnskap i fagmiljøet
Kvalifikasjonar

Du har desse kvalifikasjonane:

  • Relevant høgare utdanning innan IT. Relevant arbeidserfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Solid erfaring med design, drift og sikring av Active Directory i store verksemder.
  • Erfaring med sikkerheitsarbeid i AD og god forståing av vanlege angrepsteknikkar mot identitetsinfrastruktur.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Kan tryggleiksklarerast i samsvar med verksemdsforskrifta § 69.

Det er ein fordel om du har erfaring med:

  • Forståing av AD-arkitektur, replisering, DNS, GPO, Kerberos/NTLM og delegering.
  • Erfaring med Entra ID, hybrid identitet og Entra Connect / Cloud Sync.
  • God forståing av moderne autentiserings- og autorisasjonsprotokollar (OAuth 2.0, OIDC og SAML), og motivasjon for å vidareutvikle denne kompetansen.
  • Erfaring med andre identitetsleverandørar.
  • Planlegging og testing av AD forest recovery eller annan beredskap for kritisk infrastruktur.
  • PKI, særleg Microsoft AD CS.
  • PAM-løysingar og livssyklusforvalting av identitetar.
  • PowerShell eller anna automatisering.
  • Erfaring frå helsesektoren eller andre verksemder med høge krav til sikkerheit og tilgjenge.
Personlege eigenskapar
  • Du er nysgjerrig og likar å utforske ny teknologi. Samstundes veit du kva som skal til for å drifte kritiske system på ein trygg måte.
  • Du er ein trygg rådgivar som kan forklare komplekse tema for både teknikarar og beslutningstakarar.
  • Du er strukturert og grundig, har høg tryggleiksmedvit og held hovudet kaldt når det verkeleg gjeld.
  • Du deler kunnskap og bidreg til å løfte kollegaene rundt deg.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
  • Interessante utfordringar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
  • Moglegheit til å forme framtidas IKT-løysingar innan helsesektoren.
  • Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet.
  • Deltaking i spennande oppgåver innan lokale og regionale prosjekt.
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
  • Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
  • Ein trygg arbeidsplass med føreseielege rammer.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonFrode Langeland, Seksjonsleiar, +47 91719912
ArbeidsstadBjørnsons gate 29
5052 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 5190689834
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Skills

Apply

See also