Unknown company
Medarbeidar i preste- og samtaletenesta
Description
Preste- og samtaletenesta si hovudoppgåve i sjukehuset er å støtte pasientar, pårørande og tilsette i krevjande livssituasjonar. Som medarbeidar i tenesta skal du:
- gje akutt krisestøtte til pasientar og pårørande når dei kliniske einingane ber om det
- støtte sjukehuset sine medarbeidarar i ein krevjande kvardag og ved alvorlege hendingar
- vere tilgjengeleg for samtalar om det pasientar, pårørande og medarbeidarar ønskjer å snakke om, og gjennomføre ritual tilpassa situasjonen
- arbeide i 5-delt vaktturnus med døgnberedskap og heimevakt
- leie samtale- og refleksjonsgrupper og ta del i tverrfaglege samarbeidsforum med andre einingar i sjukehuset, og undervise innan eige fagområde
- delta i fagleg og personleg refleksjon i teamet og bidra til at vi tek vare på kvarandre og utviklar tenesta saman
- Utdanning på masternivå, til dømes i teologi, diakoni, helsefag eller anna relevant utdanning
- Erfaring i å møte menneske i krevjande livssituasjonar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Relevant vidareutdanning innan til dømes krisehandtering, rettleiing, kognitiv terapi, eller pastoralklinisk utdanning er ønskeleg
- Erfaring frå arbeid i sjukehus eller annan helseinstitusjon er ønskeleg
- Du kjenner omsorg for og vil støtte menneske i vanskelege livssituasjonar, og tilpassar deg behov, utfordringar og føresetnader hos den enkelte
- Du møter menneske med interesse og respekt uavhengig av bakgrunn og livssyn
- Du har evne til å forstå og orientere deg i ein kompleks organisasjon
- Du samarbeider godt med andre faggrupper
- Du har god rolleforståing, er trygg i møte med eksistensielle spørsmål og har evne til å skape tillit
- Du har forståing av og interesse for korleis menneske skapar meining og finn kjelder til håp i møte med livsendrande hendingar og livskriser
- Du toler å stå i uventa og krevjande situasjonar, og du kan arbeide sjølvstendig og saman med andre når det «kokar» og kjenner deg sjølv godt
- Du kan ta vare på deg sjølv
- Du er støtte for dine kollegaer og kan sjølv ta imot støtte
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og på korleis teamet er samansett.
Vi tilbyr- Eit meiningsfylt, utfordrande, variert og berikande arbeid i ein tverrfagleg kontekst
- Arbeid i ein stor organisasjon med høgt fagleg nivå
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø og kollegafellesskap
- Løn etter avtale
- Ei av dei beste pensjonsordningane i landet
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
KontaktinformasjonIngrid Smith, Seksjonsleiar, 92802540, ingrid.smith@helse-bergen.no Patrick Wohlgemuth, Sjukehusprest, 95219859, patrick.Wohlgemuth@helse-bergen.no ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5211594174 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.01.2027Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sign in to read and join the discussion.