On-site teknikar
Description
Seksjon Lokalstøtte sør har ansvar for drift, forvalting og brukarstøtte for sluttbrukarutstyr i Helse Fonna og Helse Stavanger. Dette omfattar utstyr som vert nytta i det daglege, mellom anna PC-ar, skjermar, tastatur, mus, skrivarar, skannarar, strekkodelesarar og mykje anna. Saman med Seksjon Lokalstøtte nord utgjer seksjonen den samla lokalstøttefunksjonen i Helse Vest IKT. Totalt er 32 teknikarar fordelte mellom Bergen, Stavanger, Haugesund og Førde. Målet vårt er å sikre at tilsette i sjukehusa på Vestlandet har velfungerande, stabile og trygge IKT-verktøy i arbeidskvardagen.
Vi søkjer no etter ein teknikar til Seksjon Lokalstøtte sør med arbeidsstad i Haugesund.
Arbeidsoppgåver- Drift, vedlikehald og leveranse av IKT-sluttbrukarutstyr som PC-ar, skrivarar, skjermar, nettbrett, betalingsterminalar, sjølvbeteningsautomatar m.m. Ansvarsområdet vil etter kvart også omfatte mobiltelefonar.
- Følgje opp reparasjonar og garanti mot leverandørar.
- På staden kundeoppfølging.
- Varelogistikk.
- Deltaking i prosjekt ved behov
- Erfaring med kundebehandling
- Kunnskap og erfaring med feilsøking på Windows-operativsystem
- Erfaring frå reparasjon, feilsøking og montering av sluttbrukarutstyr
- Erfaring frå stordriftsmiljø er ein fordel, men ikkje eit krav
- Kjennskap til ITIL-rammeverk er ein fordel
- Fagbrev innan IT-driftsfaget, dataelektronikerfaget eller anna relevant IKT-fag er ønskjeleg. Relevant dokumentert erfaring og personleg egnethet kan kompensere for manglande fagbrev
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som:
- er sjølvstendig og ansvarsbevisst
- er serviceinnstilt og klar til å hjelpe brukarane på sjukehusa
- har gode samarbeidsevner, jobbar godt i team, men også sjølvstendig
- er positiv og initiativrik
- er open og svolten på ny kunnskap og teknologi
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettarVi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren:
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund. Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no