Skip to content
Search jobs inside your AI agent. Claude, ChatGPT, Gemini, Cursor and Grok
Connect

STORD KOMMUNE HEIMEBASERTE TENESTER OMRÅDE SENTRUM

Open 15d

ID 2487 IKT-konsulent innan drift, informasjonssikkerheit og beredskap - IKT eininga

Posted 5 views
Discussion

Description

Stord kommune er avhengig av sikre og stabile digitale løysingar for å levere gode tenester til innbyggjarane. Kommunen behandlar store mengder personopplysningar innan mellom anna helse og omsorg, barnevern, PPT, skule og administrative tenester.

Det er ledig fast 100% stilling som IKT-konsulent innan drift, informasjonssikkerheit og beredskap

Støtteeining IKT har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av kommunen si digitale plattform. Du vert del av eit erfarent IKT-team der me legg vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og felles ansvar. Du får sjølvstendige ansvarsområde, men står ikkje åleine om oppgåvene.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Delta i operativ drift, herding og handtering av driftsavbrot og sikkerheitshendingar.

  • Forvalte backup og gjenoppretting, gjennomføre testar og følgje opp avvik.

  • Vedlikehalde IKT-beredskapsplan, tiltakskort og rutinar, og gjennomføre beredskapsøvingar.

  • Gjennomføre og følgje opp ROS-analysar, DPIA-ar og databehandlaravtalar.

  • Utarbeide og halde ved like rutinar, teknisk dokumentasjon og tiltakskort.

  • Følgje opp leverandørar og sikkerheitskrav til skytenester.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning innan IKT, informasjonssikkerheit, datakommunikasjon eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.

  • Erfaring med IKT-drift, Microsoft 365, Entra ID og skybaserte tenester.

  • Kunnskap om backup, gjenoppretting, kontinuitet og IKT-beredskap.

  • Kjennskap til informasjonssikkerheit, personvern, ROS-analysar og DPIA.

  • Erfaring med leverandøroppfølging og vurdering av sikkerheitskrav er ønskjeleg.

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og praktisk, og samarbeide godt med kollegaer, fagmiljø og leverandørar.

  • Erfaring frå kommunal eller annan offentleg verksemd er ein fordel.

Me kan tilby:

  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Eit godt arbeidsmiljø i eit erfarent team med samarbeid, kunnskapsdeling og felles ansvar

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar m.m.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysingar hos einingsleiar Gisle Østrem, tlf 97552005

Om arbeidsgiveren:

Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.

Skills

Apply

See also